Område 51 – landet bortanfor landet

Arrangementsinformasjon

Område 51 – landet bortanfor landet


Music and poetry on the invisible war beeing fought under ground and over the clouds

Torsdag 7. november kl 20.00. Dørene åpner kl 19.00 - kr 300/250

Eit politisk og akutt viktig verk av Frode Grytten og Morten Qvenild. Bok og platelansering av tingingsverket frå Energimølla og Kongsberg Jazzfestival.

Område 51, eller Area 51 er namnet på eit hemmeleg område i Nevada, der det amerikanske forsvaret testar ut fly og våpensystem. Det er også eit kontrollsenter for avanserte droner. Her blei det legendariske U2-flyet prøvd ut, og viktige delar av teknologien bak måneferdene utvikla. Musikken utspelar seg i dette landskapet, ein stad der ørkenkøntri og tekno lever side om side. Musikken vil spegle delinga mellom det naturlege og det menneskeskapte, det dynamiske og det kontrollerte. Musikken vart først fremført som eit tingingsverk på Energimølla og Kongsberg Jazzfestival. Musikken skal no ut på ein dobbel vinyl, og samstundes vert tekstane sleppe i bokform på Oktober Forlag.

Vi lever midt i ein krig, ein krig vi ikkje ein gong får auge på, fordi han ikkje blir utkjempa på den tradisjonelle slagmarka. Denne krigen blir utkjempa under bakken og oppe i lufta, med maskinar, kablar, fiber, satelittar, dronar. Det er ein hemmelig krig, klassifisert og usynlig, budsjetta er ikkje underlagt demokratisk kontroll.

Dei stridande opererer på svarte område, stadar som ikkje er plotta inn på kartet, i landet som finst bortanfor landet. Krig er blitt ein blodflekk som har trekt så djupt inn i kvardagen at han er farga på same vis som alt rundt seg, som del av eit vanlig plagg. Vi lever med krigen, slik fisken lever i vatnet.

Verket ”Landet bortanom landet” tematiserer i ord og musikk denne utviklinga, og viser korleis krig i dag er blitt ei usynlig verd. Det uttrykker ei frykt for at vi ikkje lenger kan opponere mot krigen, fordi han ikkje finst. Vi diskuterer ikkje utviklinga av nye system for å drepe kvarandre, eller militariseringa av himmelrommet, eller dei enorme militærbudsjetta.

Dei fleste av oss veit ingenting om programma som er sett i gang og som verkar utanfor oss. ”Landet bortanfor landet” tar oss med til området som er befolka med personell som skal forsvare oss, men som gjerne burde skremme oss meir enn noko anna på kloden.        

Frode Grytten - vokal, Morten Qvenild - keys, vokal, Ivar Grydeland - gitar, Stig Gunnar Ringen - lyd, Kyrre Heldal Karlsen - lys og video


Finn flere fine konserter på Nasjonal jazzscene her!

jazz
frodegrytten
mortenqvenild

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år. Mindreårige i følge med verge over 25 år. Vergeskjema fylles ut ved inngang.
Unummererte stå- og sitteplasser.
All tickets are unnumbered and seating can not be guaranteed on sold-out concerts.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.