page view image

NMH jazz – jubileumskonsert

Bestill
event image

NMH jazz – jubileumskonsert


Søndag 19. november, kl 20.00. Dørene åpner kl 19.00 - kr 280/230/180
Publikum under 23 år og NMH-studentar og -tilsette: 180

Jazzutdanninga ved Norges Musikkhøgskole feirar 20 år i skulens 50-årsjubilemsår. Sånt blir det storbandkonsert av!

Den første jazzutdanninga på høgskolenivå i verda starta, av alle stadar, i Frankfurt i 1928. Av grunner dykk kan rekne ut sjølve, blei dette stoppa i 1933, og den første staden der ein kunne få ein grad, blei North Texas University i 1947. På NMH opna ein etter kvart opp for å gi musikarar med rock-pop-jazz-instrument tilbod om pedagogisk utdanning litt ut på 80-talet, men derfrå til opprettinga av eit eige studium gjekk det ytterlegare 20 år. Så mens NMH feirar 50-årsjubileet sitt, er jazzlinja ein ungdom på snaue 20!

Vi har saumfare listene over tidlegare studentar og sett saman ein bukett som går heilt tilbake til den spede byrjinga tidleg på 70-talet, via dei første pedagogikk-studentane som fylte ped.-rommet med superlokriske herlegdommar – og til singer-songwriter- og impromiljøa som vaks fram i kjelleren i det etterlengta 2. hus. Alt dette og meir til er å finne i og foran kveldens utgåve av NMHs storband, med spreke arrangement frå skolens jazzkomponistmiljø, under leiing av skulens stoltheit, Geir Lysne.

Hald av denne søndagskvelden til ein tur på Nasjonal Jazzscene, vi lover ein kveld for minnebøkene!

Foto: Helge Lien

Finn flere fine konserter på Nasjonal jazzscene her!

jazz nmh storband

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år. Mindreårige i følge med verge over 25 år. Vergeskjema fylles ut ved inngang.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke under normale omstendigheter.