Baker Hansen

Arrangementsinformasjon

Baker Hansen


Chet Baker made Norwegian!

Fredag 25. oktober, kl 21.00. Dørene åpner kl 20.00 - kr 240/190

Korleis kan ein lytte med nye øyre på nokre av dei mest kjente klassikarane frå jazzlitteraturen? Og korleis tolke ein gigant som Chet Baker i ny, norsk kontekst? Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, baserte på musikken som Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss - og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på godt over 150 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om.

Baker Hansen har gjeve ut to album med Chet på norsk, Ei som deg (2014) og Gamle Daga (2016). Tredjeplata kjem i 2019.

Sigurd Rotvik Tunestveit - vokal og gjendiktingar, Thomas Husmo Litleskare - trompet, vokal, Kjetil Jerve - piano, Stian Andreas Egeland Andersen - kontrabass, Tore Flatjord - trommer


“En liten perle” Lytterom NRK P2
“Ein sikker scenesuksess” Roald Helgheim, Dagsavisen
“Har hele den vakre, melodiske, melankolske og sarte tradisjonen etter legenden Chet Baker inne” Tor Hammerø, Side2

chetpaanorsk.no

Foto: Kristoffer Eikrem

Finn flere fine konserter på Nasjonal jazzscene her!

jazz

Restriksjoner

Aldersgrense 18 år. Mindreårige i følge med verge over 25 år. Vergeskjema fylles ut ved inngang.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.